Austerdalshytta

Velkommen til Luster Turlag sitt bestillingssystem for Austerdalshytta. NB: DU SKAL IKKJE BETALE ELLER LEGGE INN KONTONR, betaling skjer via nettbank til kontonr, eller via VIPPS!

Det kan tidvis vera problem med systemet, ta kontakt på epost (lusterturlag@dnt.no) dersom du ikkje får bestilt. 

Du logger deg inn, eller opprettar ein konto oppe til høgre på denne sida.

Når du har logga deg inn, kan du reservere ved å klikke på aktuell dato i kalenderen. Deretter vel du klokkeslettet du ynskjer å leige frå (minst 20 timar, maks 72). (Dersom du ikkje er medlem treng du ikkje fylle inn medlemsnr.) Når du trykker "opprett reservasjon" visast reservasjonen i kalendaren. Du vil motta ein e-post med meir informasjon.

Ta kontakt med Luster Turlag viss du får problem med bookinga (Lusterturlag@gmail.com)

_________________________________________

Hytta er heilt ny, og sto ferdig i juli 2021. Hytta er installert med det du treng for ei overnatting, men hugs å ta med mat og lakenpose! Det er 3 soverom med 4 senger kvar, totalt 12 sengeplassar (pluss ein hems med 2 madrassar), tørkerom og ei stor stove/kjøkken med store vindauge, så ein kan nyte synet av naturen.

Det er straum i hytta, så det er ein liten lunk når du kjem fram. Deretter er det berre å fyre i omnen og kose seg. Hytta ligg i eit fantastisk område med bre, høge fjell - rett og slett vill og vakker vestlandsnatur

Når det er snø, blir det køyrt opp skiløyper frå Veitastrond og inn til Tungestølen. Skituren er omlag 5 km i lett kupert terreng. Turen eignar seg også for småbarnsfamiliar. Om hausten og seint på våren kan du køyre fram med bil. Har du hund må hunden ligge ved toalettbygget grunna allergi.

Når du booker Austerdalshytta bestiller du eit rom, men du betalar for ein seng. Dersom det kjem fleir på hytta kan du ikke ha eit soverom for deg sjølv, men er nødt til å dele. Summen betalast samla til bank.konto: 3785 14 11632, eller via Vipps (nr 691333) til Luster Turlag med ein gong du har booka. 

____________________________

Pris;

  • DNT medlemar/ikkje medlemar kr. 200/400 for overnatting
  • Overnatting ungdom 13-26 år kr. 100/200
  • Overnatting ungdom 4-12 år kr. 50/100
  • Overnatting barn 0-4 år gratis
  • Dagsbesøk ved bruk av straum og ved kr. 50/100 pr familie
  •  

God tur!